Prologue er det tredje studioalbumet av det engelske progressive rockebandet Renaissance, gjeve ut i 1972.

Oversyn I 1972 vart den dåverande besetninga av Renaissance oppløyst, og heldt berre att den tidlegare The Gentle People-songaren Annie Haslam og den tidlegare klaverspelaren i Rupert's People, John Tout, for å byggje eit nytt band kring. Dei nye bandmedlemmane som kom inn var bassisten Jon Camp, trommeslagaren Terence Sullivan og gitaristen Mick Parsons. Kort tid etter, omkom Parsons i ei bilulukke. Gitaristen Rob Hendry vart henta inn i siste augneblink for å erstatte han for innspelinga i juni og juli 1972 og slutta i bandet så snart albumet var ferdig innspelt.The History Of Renaissance

Fordi Prologue var ein ny start for bandet, med ei besetning som ikkje inneheldt nokre av dei originale medlemmane, vart det ofte omtalt som det «første» albumet deira (til dømes på albumet Live at Carnegie Hall).

Sjølv om alle songane er originale Renaissance-songar, var dei ikkje alle skrivne av dei dåverande medlemmane, men av det tidlegare medlemmet Jim McCarty (frå den første besetninga) og Michael Dunford (tidlegare Nashville Teens, og ei tidlegare besetning av Renaissance), i lag med tekstforfattaren Betty Thatcher. Dunford vart ein del av bandet att då Hendry slutta, men var ikkje eit offisielt bandmedlem under innspelinga av det neste albumet, Ashes Are Burning i 1973.

Nyutgjevingar I 1978 vart Prologue gjeve ut på nytt, i lag med det neste albumet, Ashes Are Burning, som eit dobbeltalbum kalla In the Beginning (Capitol Records, USA). Den originale dobbelplata inneheld heile Prologue, men ein song frå Ashes var korta ned. CD-utgåva av In the Beginning frå 1988 (på ei plate) har redigerte versjonar av «Rajah Khan» og to songar frå Ashes Are Burning.Renaissance Diskografi Prologue vart gjeve ut på CD i den originale forma si på Repertoire Records i 1995.

I 2018 gav Esoteric Recordings ut ei ommastra og utvida utgåve av albumet.

Innhald

Introduksjonen til tittelsporet er lånt frå byrjinga av Frédéric Chopin sin Revolusjonsetude.

Medverkande Henta frå plateomslaget.(1972). «Prologue liner notes». In Prologue [Album cover]. Harvest.

Annie Haslam - solovokal (alle utanom spor 2), korvokal, perkusjon Rob Hendry - elektrisk og akustisk gitarar, mandolin, klokkespel, korvokal John Tout - akustisk og elektrisk klaverinstrument, korvokal, arrangement Jon Camp (oppført som «John Camp») - elektrisk bassgitar, solovokal (spor 2), korvokal, tampoura, arrangement (ikkje oppført) Terence Sullivan - trommer, perkusjon

Andre medverkande Michael Dunford - arrangement Francis Monkman - VCS3-synthesizersolo på spor 6

Produksjon Miles Copeland - produsent, konsertbilete Mike Weighell, Mick Glossop - lydteknikar Hipgnosis og Ronchetti & Day - plateomslag

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Prologue (Renaissance album)» frå , den 8. april 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Renaissance-album Kategori:Musikkalbum frå 1972 Kategori:Plateomslag av Hipgnosis Kategori:Capitol Records-album Kategori:Harvest Records-album Kategori:Regal Zonophone Records-album Kategori:EMI Records-album Kategori:Repertoire Records-album Kategori:Symfoniske rockealbum