Republikken Krim eller Krym er eit delvis anerkjent føderasjonssubjekt i Russland som ligg på Krimhalvøya.

Krim grenser til Ukraina i nord og halvøya er omgitt av Azovhavet og Svartehavet. Hovudstad og største by i republikken er Simferopol. Ved folketeljinga i 2014 hadde republikken innbyggjarar.

Republikken blei skipa i 2014. Etter at russiske styrkar og pro-russiske separatistar hadde teke makta erklærte parlamentet på Krim sjølvstende frå Ukraina den 11. mars 2014. Det var blitt halde ei folkerøysting med overveldande støtte for dette, men i strid med den ukrainske grunnlova. Russland annekterte så Krim, som saman med Sevastopol på Krim blei russiske føderasjonssubjekt.

Republikken Krim er ikkje anerkjend som del av Russland av eit fleirtal av medlemslanda i SN. Ukraina gjer framleis krav på området, og ulike SN-resolusjonar støtter kravet.

Merknader

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Republic of Crimea» frå , den 13. april 2020.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Omstridde område Kategori:Russiske føderasjonssubjekt Kategori:Skipingar i 2014