Amar Caballero er det andre studioalbumet til den engelske rockegruppa Babe Ruth.

To medlemmar var blitt byta ut frå debutplata. Ed Spevock var komen inn for Dick Powell på trommer og Chris Holmes erstatta Dave Pushon på klaverinstrument.

Albumet inneheld ein coverversjon av The Capitols sin «Cool Jerk».

Allmusic gav berre albumet to av fem stjerner, men skreiv at «om du kan setje tenna i musikken som er rocka med element av klassisk musikk, pakka inn i eit tynt lag med R&B, så bør du sjekke ut dette albumet. Det vil vere givande.»

Plateomslaget vart laga av Hipgnosis.

Innhald

Medverkande Babe Ruth Janita Haan - solovokal Alan Shacklock - gitar, celesta (2), elektrisk piano (6), orgel (7), Mellotron (8), perkusjon (1), tamburin (6), vokal (1,5), orkestrering, dirigent (1,2), produsent Chris Holmes - klaverinstrument, orgel (3) Dave Hewitt - bass, fuzzbass (5) Ed Spevock - trommer, perkusjon, pauker (2)

Med Dave Punshon - elektrisk piano (1), flygel (5) Dave White - fløyte (1) Steve Gregory - fløyte (1) Brian Warren - fløyte (2) Jack Ellory - fløyte (2) Duncan Lamont - fløyte (6) Keith Christie - trombone (1) Ray Premru - trombone (1) Ray Harris - trompet (1), flygelhorn (2) Bud Beadle - barytonsaksofon (5) Steve Gregory - tenorsaksofon (5,7) Ron Carthy - trompet (5,7) John Georgiadis - fiolin & leiar for strykarane (1,2) Raymond Vincent - fiolin (6) Gaspar Lawal - perkusjon (1,3), conga (7), vokal (3) Nick Mobbs - tamburin (6) Angelito Perez - conga & kubjølle & vokal (8) Chris Bushen - korvokal (4)

Kjelder

Kategori:Babe Ruth-album Kategori:Musikkalbum frå 1973 Kategori:Plateomslag av Hipgnosis Kategori:Harvest Records-album Kategori:Album produserte av Alan Shacklock