mini|Dødsdansi tresnitt av Michael Wolgemut (1434-1519), henta frå Hartmann Schedels Liber Chronicarum («Verdenshistorien», Nürnberg, 1493).
Dødsdans (latin chorea macchabæorum, fransk danse macabre, tysk Totentanz og spansk danza de la muerte) er ein allegori frå seinmellomalderen som viser døden eller daudingar og levande personar saman i ein prosesjon eller dans.
Dødsdansen blir gjerne tolka som eit uttrykk for kor forgjengeleg livet er og korleis døden alltid er nær og har makt over menneskelivet. Allegorien blir ei påminning om at døden råkar alle, uansett kvar dei står i samfunnsordninga.
Historikk thumb|Side med «Døden og paven» frå ei blokkbok fra 1455–1458. Boka (Oberdeutscher vierzeiliger Totentanz), som består av 25 handkolorerte eittbladstrykk av dødsdansen, skal vera den eldste kjende utgåva med dette motivet.Cod. Pal. germ. 438 Heidelberger Bilderkatechismus' (Handschrift) ; Biblia pauperum (Blockbuch) ; Totentanz (Blockbuch) u.a. thumb|«Abbeden», tresnitt av Hans Holbein den yngre i hans serie Imagines Mortis («Dødsbilder»), utgitt første gang i 1538. Opphavet til dødsdansen som symbolsk og biletleg framstilling er noko usikkert. Forestillingane har truleg utspring i mysteriespel og folketru frå mellomalderen om døde som dansa ved midnatt. Bilda kan også ha blitt til under påverknad frå svartedauden som eit memento mori, altså for å minna folk om døden, kor skjørt livet er og kor flyktig og nyttelaus all jordisk ære er. thumb|left|350px|Utsnitt av «Dødsdansen» av den tyske målaren Bernt Notke (1435-1509) frå Nikolaikyrkja i Tallinn i Estland.
Dødsdansen som motiv i kunst
Bildekunst Det finst ei mengd bildeframstillingar av dødsdans i europeisk kunsthistorie, blant anna i kyrkjekunst og bøker. Framstillingane varierer frå menneske leia av ein personifiserert dødsfigur, dansande levande og daude, eller berre daudingar, anten i ei rekkje eller parvis. Menneskeskikkelsane representerer alle samfunnslag og aldersgrupper: keisar, konge, pave, munkar, bønder, tiggarar, barn, ungdommar, jomfruer, oldingar og så vidare. Dauden og daudingane har ofte form som skjelett.
Ein serie tresnitt utført av Hans Holbein den yngre på 1520-talet, men første gjeve ut i 1538, er eit kjent eksempel.
Skodespel og film Dødsdansen, skodespel av August Strindberg frå 1900 Dødsdansen, NRK si filmatisering av Strindberg-skodespelet frå 1991. Filmen vann Amanda-pris for Bentein Baardson, Lise Fjeldstad og Per Sunderland Dødsdansen (La dans de mort), fransk film frå 1948 med Erich von Stroheim i hovudrolla
Musikk Totentanz, musikkstykke av Franz Liszt 1849–1859 Dans macabre, musikkstykke av Camille Saint-Saëns 1874
Sjå òg Døden Dødskyss Ars moriendi, «kunsten å døy» Memento mori, «hugs at du skal døy» Contemptus mundi, «forakt for den jordiske verda» Tarantella, gammal italiensk dans oppkalla etter edderkoppen tarantell, også kalla dødsdansen
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dødsdans» frå , den 14. april 2020.
Bakgrunnsstoff Per-Erik Skramstad om dødsdansen i europeisk kulturhistorie
Kategori:Dans i kunst Kategori:Kultur og død Kategori:Mellomalderkunst