Emil Ljubtsjov Kostadinov () er ein bulgarsk pensjonert fotballspelar frå Sofia. Han spelte som angrepsspelar hos fleire europeiske klubbar og for det bulgarske landslaget. Av klubbene hans kan nemnast FC Porto i Portugal, Deportivo de La Coruña i Spania og FC Bayern München i Tyskland.
Landslagsspel Kostadinov spelte 70 landskampar for Bulgaria i åra 1988–1998 og han skåra 26 mål. Han deltok mellom anna i VM i 1994, VM i 1998, kor han i fyrstnevnte meisterskap var med om å føre landet heilt til semifinale. Dessutan var han med i troppen i EM i 1996.
Kostadinov verte berømt i fotballverdenen den 17. november 1993, då det bulgarske landslaget i den siste kvalifiseringskampen til VM i 1994 stod overfor ein umogleg oppgåve - då kravet til kvalifikasjon var ein siger på bortebane i Paris over Frankrikes verdensstjerner. Etter at franskmennene hadde kome seg føre, og tinga synest avklara skåra Kostadinov to mål hvorav det avgjerande til 2-1 vart skåra då måltavla i Paris viste 89 minutter og 59 sekunder. Bulgarerne var klare for VM, kor dei vart nummer 4 mens franskmennene var ute.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Emil Kostadinov» frå , den 18. april 2020 National-football-teams eu-football
Kategori:Bulgarske fotballspelarar Kategori:Porto-spelarar Kategori:Bayern München-spelarar Kategori:Deportivo La Coruña-spelarar Kategori:Fenerbahçe-spelarar Kategori:Mainz-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1994 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1996 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1998