Diego Pablo Simeone González () er ein argentinsk fotballspelar og noverande trenar som spelte defensiv midtbane for ei rekke europeiske klubbar gjennom sin karriere. Han spelte òg ved fleire tilfelle for det argentinske landslaget, og er med sine 106 kampar ein av dei med flest landskampar for landet. Etter at karrieren hans som spelar enda i 2006, gjekk Simeone inn i trenaryrket, fyrst i heimlandet og deretter i Europa. Han er noverande trenar for Atlético Madrid sidan 2012. Sonen hans Giovanni Simeone spelar for ACF Fiorentina.
Klubbspel Simeone byrja spelarkarrieren i heimbyen Buenos Aires for Vélez Sársfield i 1987. Etter å ha spela over 75 kampar og skåra 14 mål fordelt over tre år drog han over til Europa. I 1990 vart han henta til den italienske klubben Pisa av den dåverande rumenske manageren Mircea Lucescu. Her spelte han 55 seriekampar og skåra seks mål fordelt over to sesongar. I 1992 drog Simeone vidare til Spania og Sevilla FC, der han spelte 64 seriekampar og skåra 5 mål fordelt over to sesongar, men utan å vinne noko for klubben.
I 1994 melde han overgang til Atlético Madrid, der han fekk det definitive gjennombrotet sitt. Etter å ha vorte fast etablert på fyrstelaget, var han med om å vinne både Primera División og Copa del Rey i 1995/96-sesongen. Etter å ha spelt i underkant av 100 seriekampar og notert seg for 21 mål vende han i 1997 tilbake til Serie A, denne gongen til storklubben Inter. Her vart han lagkamerat med landslagskollegaen Javier Zanetti og var med om å vinne UEFA-cupen 1997/98.
I 1999 vart Simeone kjøpt opp av SS Lazio, som var klubben Inter slo ut i finalen av UEFA-cupen året føre. Klubben var då leia av Sven-Göran Eriksson, og Simeone inngikk eit større argentinsk innslag med spelarar som bestod av Roberto Sensini, Matias Almeyda, Hernán Crespo og Juan Sebastián Verón. I 1998/99 sesongen hadde Lazio vorte ganske nære å ta Scudetto, og i han fyrste sesong for klubben vann Lazio seriemeisterskapet med eit poeng føre Juventus. Sesongen vart krona finalesiger både i Coppa Italia, og med finalesiger i Supercoppa samt UEFA Super Cup i 1999 i begynnelsen av den påfølgjande sesongen. I 2003 melde han overgang tilbake til Atlético Madrid, der han spelte to sesongar men utan å vinne noken titlar. Etter to sesongar gjekk turen attende til heimlandet, der han i 2005-2006 sesongen spelte 37 kampar for Racing Club Avellaneda føre han bestemte seg for å avslutte karrieren.
Landslagsspel Simeone fekk landslagsdebuten sin den 14. juli 1988 i ein privatkamp mot Australia som Argentina tapte 4-1. Han deltok i den argentinske troppen som vann Copa América i både 1991 og 1993, i tillegg til Confederations Cup i 1992. I 1996 var han med i den argentinske troppen under sommar-OL i Atlanta som tapte finalen mot Nigeria. Han var òg med i den argentinske troppen i tre verdsmeisterskap, under VM i fotball 1994, VM i fotball 1998 og VM i fotball 2002. Under VM i 1998 kom i medias søkjelys då Englands David Beckham vart utvist for å ha sparka Simeone i vreide etter ei takling av sistnemnde. Simeone erkjende seinare at han overspelte frå Beckham sitt hemnspark for å få han utvist. I den påfølgjande kampen mot Nederland vart Simeone skada etter ein takling frå Arthur Numan. Totalt fekk han 106 landskampar, og han hadde per 2013 tredje flest kampar etter Javier Zanetti og Roberto Ayala.
Trenarkarriere Simeone byrja som trenar i februar 2006, då han tok over managerrolla hos den siste arbeidsgjevaren sin Racing Club de Avellaneda. Etter at klubben gjekk gjennom eit eigarskifte i mai same året tok han over ansvaret hos Estudiantes, der han leia klubben til sitt fyrste ligameisterskap på 23 år. Den 15. desember 2007 vart Simeone presentert som ny trenar for storklubben River Plate, hvor han tok over etter den tidlegare storspelaren Daniel Passarella. Her vann han nok ein gong seriemeisterskapen i 2008. I november 2008 melde han avskjed som manager etter at klubben rauk ut av kvartfinalen i Copa Sudamericana. Den 15. april 2009 tok han over managerstolen i San Lorenzo etter føregangaren Miguel Russo, men fekk sparken etter nøyaktig eit år seinare grunna manglande sportslege resultat. Deretter fylgde eit friår. I januar 2011 tok haover ansvaret hos den italienske klubben Catania på Sicilia, som han redda frå nedrykk før han forlèt klubben i mai same året. I juni 2011 tok han på ny over managerrollen i Racing Club de Avellaneda, før han i desember same året vart presentert som den nye trenaren i Atlético Madrid etter Grégorio Manzano. Hans fyrste siger med klubben kom i mai 2012 då klubben vann Europaligaen. I august same året følgje han opp med å leia laget til siger i UEFA Super Cup då dei slo Chelsea med 2-1.
Merittar Spansk seriemeister: 1996 med Atlético de Madrid Spansk cupmeister: 1996 med Atlético de Madrid Italiensk seriemeister: 1999 med Lazio Italiensk cupmeister: 1999 med Lazio Supercoppa-vinnar: 2000 med Lazio UEFA Super Cup-vinnar: 1999 med Lazio Vinnar av UEFA-cupen: 1998 med Inter Vinnar av Copa América med Argentina: i 1991 og 1993 Vinnar av Confederations Cup: 1992 med Argentina Tapande OL-finalist 1996: med Argentina 106 landskampar og 11 mål for Argentina Kjelder
Denne artikkelen bygger på Diego Simeone frå , den 20. april 2020 National-football-teams
Kategori:Argentinske fotballspelarar Kategori:Argentinske fotballtrenarar Kategori:Pisa-spelarar Kategori:Sevilla-spelarar Kategori:Atlético Madrid-spelarar Kategori:Inter-spelarar Kategori:Lazio-spelarar Kategori:Fotballspelarar under sommar-OL 1996 Kategori:Argentinske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Argentina Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1994 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1998 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2002 Kategori:Folk frå Buenos Aires