Jesús Ramón Ramírez Ceceña () er ein meksikansk pensjonert fotballspelar som spelte på midtbanen. Ramírez halde til mest av sin karriere i heimlandet, der han mellom anna representerte Chivas Guadaljara, Tigres og América. Hjå Chivas var han i 1997 med om å vinne det meksikanske meisterskapen. Han spelte òg for Chivas sin amerikanske systerklubb Chivas USA i MLS.
Ramírez nådde over ein periode på ni år å spele heile 121 landskampar og skåra 15 mål for det meksikanske landslaget. Den fyrste landskampen hans var eit oppgjer mot Ungarn den 4. november 1991, medan den siste opptredenen hans kom på bortebane i ein VM-kvalifiseringskamp mot Canada.
Han representerte landet sitt ved ei rekkje internasjonale sluttspel, inkludert VM i fotball 1994 i USA og VM i 1998 i Frankrike. Han var òg med om å vinne Confederations Cup i 1999, og dertil tre utgåver av det nordamerikanske meisterskapen CONCACAF Gold Cup.
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på «Ramón Ramírez frå , den 21. april 2020. National-football-teams
Kategori:Meksikanske fotballspelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1994 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1998