Duiliu César Jean Pierre Davino Gutiérrez () er ein meksikansk pensjonert fotballspelar som spelte i forsvar. Davino spwlte heile ti sesongar hjå Mexico by-storklubben América, og hadde òg eit opphald hjå mellom anna Puebla FC og CF Monterrey. Han var dessutan ein sesong i den amerikanske klubben FC Dallas.
Davino spelte dessutan 84 kampar for det meksikanske landslaget. Han representerte landet under VM i 1998 i Frankrike, og spelte alle fire kampane i turneringa, som endte med at dei vart utslått i åttedelsfinalane.
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på «Duilio Davino frå , den 21. april 2020. National-Football-Teams
Kategori:Meksikanske fotballspelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1998