Ein theremin er eit elektronisk musikkinstrument kontrollert utan fysisk kontakt av ein thereminist (utøvar). Instrumentet er kalla opp etter oppfinnaren, Léon Theremin, som tok patent på apparatet i 1928.
Instrumentet kontrolleiningar består vanlegvis av to metallantenner som vert påverka av den relative plasseringa til hendene til utøvaren og kontrollerer oscillatorar for frekvens (tonehøgda) med den eine handa og amplitude (lydvolum) med den andre. Dei elektriske signala frå therminen vert forsterka og sendt til ein høgtalar.
Lyden av instrumentet vert ofte assosiert med skumle situasjonar. Derfor er thereminen ofte brukt i filmmusikk som i Miklós Rózsa sin Spellbound og The Lost Weekend, Bernard Herrmann sin The Day the Earth Stood Still og Justin Hurwitz sin First Man, i tillegg til kjenningsmelodiar i fjernsynsseriar som Midsomer Murders. Thereminen er òg blitt nytta i konsertmusikk (særskild avantgarde og i nymusikk), og meir populære sjangrar som rock.
mini|Alexandra Stepanoff spelar theremin på NBC Radio i 1930
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Theremin» frå , den 24. april 2020. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Music From The Ether ThereminWorld.com
Kategori:Elektroniske musikkinstrument Kategori:Russiske oppfinningar Kategori:Monofoniske synthesizerar Kategori:Musikkinstrument oppfunne i 1920-åra Kategori:1928 i Sovjetunionen Kategori:Russiske musikkinstrument