Vladimir Ivanovitsj Vikulov () var ein sovjet-russisk ishockeyspelar frå Moskva som i tida 1966-75 vann sju VM-gull og to OL-gull med Sovjetunionen sitt sigerrike landslag.
Frå 1966 til -71 var Vikulov årleg med på å verte verdsmeister for Sovjetunionen. Både i 1968 og 1972 vart han olympisk meister, men under Ishockey-VM 1971 måtte han og lagkameratane nøye seg med sølv. Etter å ha vorte vraka frå to verdsmeisterskap, fekk Vikulov plass i troppa til Ishockey-VM 1975. Der vann han sitt sjuande VM-gull og han fekk plass på All Star Team. Vikulov spelte 195 landskampar og skåra 109 mål. Han var vengspelar.
Vikulov gjorde teneste i CSKA Moskva frå 1963 til 1979. Gjennom desse åra vart han sovjetmeister ti gongar; fyrste gong i 1966 og siste gong i 1979.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Wladimir Iwanowitsch Wikulow» frå , den 25. april 2020.
Kategori:Sovjetiske ishockeyspelarar Kategori:Russiske ishockeyspelarar Kategori:Olympiske medaljevinnarar i ishockey Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1968 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1968 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1968 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1972 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1972