Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule er ein norsk vidaregåande skule som har avdelingar på Dombås, Otta og Lom. Han vart danna i 2004 då Otta, Hjerleid, Klones og Lom vidaregåande skular vart slegne saman. Den tidlegare avdelinga på Hjerleid på Dovre vart nedlagt i 2016 og avdelinga på Dombås oppretta i staden. Tidlegare var det òg ei avdeling med landbruksutdanning på Klones i Vågå kommune, men den vart lagt ned frå 2009.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Skulen si historie – Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule. Lese den 2. november 2022. Klones – en historisk gård. Arkivert frå originalen den 26. april 2020.

Kategori:Vidaregåande skular i Innlandet