«Pelikanen» (kallesignal KCVQ - MGWB - LGWM) var ein seglkutter bygt i 1907 på eit skipsbyggeri i Engelsviken på Onsøy for Otto Chr. Johnsen i Fredrikstad. Båten vart bygd om til både dampskip og motorskip i løpet av 1910-åra og var nokre år eigd av Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab og Det Bergenske Dampskibsselskab i lag og brukt i post- og passasjerrute mellom Tromsø og Svalbard.

Historie Skipet vart bygt i Engelsviken på Onsøy og vart levert i 1907.

I 1909 vart skipet selt til Anton Nilsen i Fredrikstad, som ombygde skipet til eit dampskip med 6 hestekrefter. I 1910 vart skipet selt til Lødingens Sildoljefabrikk i Harstad og i 1914 hamna det i Tromsø hos S. Scheen. Han fekk sett inn ein råoljemotor frå J. & C.G. Bolinder på 40 bHk, og selde skipet i 1916 til Harald Berg i Tromsø.

I oktober 1916 vart det innkjøpt av Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab og Det Bergenske Dampskibsselskab og sett inn i post- og passasjerrute mellom Tromsø og Svalbard. I 1920 vart «Pelikanen» selt til W. Holmboe i Tromsø som omdøypte skipet til «Mina I». I 1922 vart det selt vidare til Carl S. Sæther i Tromsø. Pollen Nilsen i Kabelvåg tok over skipet i 1928, og i 1930 fekk det namnet «Nord-Norge II».

Fartøyet stod i Flaggboken 1940, men ikkje i 1946. Det står ikkje i nokre oversikter over forliste fartøy i andre verdskrigen og kva lagnad skipet fekk er ukjend.

Sjå òg Flåten til Det Bergenske Dampskibsselskab

Kjelder

Kategori:Norske dampskip Kategori:Norske motorskip Kategori:Norske passasjerskip Kategori:BDS-eigde fartøy Kategori:NFDS-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1907