thumb|right|Maria Anna Mozart, ca. 1785 Maria Anna Mozart (), seinare baronesse Berchtold von Sonnenburg, kjend som «Nannerl» blant vener, var den eldre systera til Wolfgang Amadeus Mozart. Ho var dotter av komponisten Leopold Mozart og Anna Maria Pertl, og var sjølv pianist og skal også ha komponert.

«Nannerl» var ein gåverik pianist, og drog som ung på konsertturnear i mange land i Europa saman med Wolfgang. Allereie som elleveåring spelte ho vanskelege sonatar og konsertar for klaver — betre enn bror sin — og fekk heider og gåver frå høgtståande personar. Det er ikkje att komposisjonar etter henne, men det finst brev der Wolfgang lovprisar arbeida hennar og oppfordrar henne til vidare innsats. Ho kom likevel i skuggen av bror sin, og levde seinare i livet som kone og mor, og gav undervising i piano.

Etter at far hennar nekta henne å gifta seg med kammerherre Franz Armand d'Ippold, gjekk ho i 1784 inn i eit fornuftsekteskap med den 15 år eldre Johann Baptist Reichsfreiherr Berchtold von Sonnenburg (1736–1801). Dei levde i St. Gilgen i same huset som mor hennar var blitt fødd i. Ektemannen hadde fem barn frå to tidlegare ekteskap, og sjølv fekk ho tre barn med han. Etter at ektemannen døydde i 1801 drog Nannerl tilbake til Salzburg, der ho var ein høgt respektert pianolærar.

Ho blei blind i ein alder av 74 år. Etter at ho døydde i 1829 blei ho etter eige ønske gravlagd på den kommunale gravplassen St. Peter i Salzburg.

Dagbøker, brev og erindringar etter Nannerl var og er verdifulle kjelder for Mozart-forskarar. Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Maria Anna Mozart» frå , den 30. april 2020.

Litteratur

Eva Rieger: Nannerl Mozart. Leben einer Künstlerin im 18. Jahrhundert. Frankfurt/M. 1990. Omarbeidet utgave 2005. Svensk omsetjing 1992.

Bakgrunnsstoff

Eva Rieger: «Mozart, Maria Anna», sophie-drinker-institut.de

Kategori:Kvinnelege musikarar frå 1700-talet Kategori:Austerrikske pianistar Kategori:folk frå Salzburg Kategori:Mozart