Einar Theiste Boyesen () var ein norsk skulemann. Han var formann i samordningsnemnda for skuleverket, som vart oppretta i 1947.

Utdanning og yrkeskarriere Boyesen hadde eksamen frå krigsskolen 1907, og vart Cand. philol. i 1913. Han var lektor ved Halling og Aars & Voss skolar til 1924, deretter inspektør og lektor ved Vahl skole til 1930, og rektor ved Hamar offentlige lærarskole til 1938. I perioden 1938 – 1958 var Boyesen ekspedisjonssjef i skuleavdelinga i Kyrkje- og undervisningsdepartementet.For ein utfyllande gjennomgang av Boyesen si karriere, sjå Hvem er hvem 1973

Som formann i samordningsnemnda for skuleverket tok Boyesen initiativ til eit møte om ein felles norsk-svensk politikk for samiskopplæring i Tromsø 29.8. 1947, som spelte ei viktig rolle i utarbeidinga av den såkalla Bergsland-Ruong-rettskrivinga.

Vitskaplege arbeid Boyesen skreiv biografien til ein tobandsbiografi om Hartvig Nissen, reviderte Fredrik Ordings Pedagogikkens historie og skreiv ei historisk framstilling av Norsk korrespondanseskole.Pedagogikkens historie av Fr. Ording, 1950. Fulltekst på NBdigital Han utgav òg ein stor biografi om bokhandlar J.W. Cappelen.

Publikasjonar (utval)

1947: Hartvig Nissen 1815–1874 og det norske skolevesens reform (1947) 1953: J. W. Cappelen 1805–1878. Noen blad av norsk bokhandels og norsk kulturkamps historie (1953) 1961: Norsk skolepolitikk og samene. Sámi ællin : Sámi Særvi Jakkigir'ji ... = Sameliv : Samisk Selskaps årbok ..., Nr. 4 (1959/1960), 5-33. 1964: Norsk korrespondanseskole gjennom 50 år: 1914–1964 (1964)

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Einar Boyesen» frå , den 3. mai 2020.

Bakgrunnsstoff

VG 1. oktober 1952 s. 3 "Ekspedisjonssjef dr. Einar Boyesen fratrer" av Haakon Holmboe.

Kategori:Norske rektorar Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Norske pedagogar