Denne sida refererer berre til fugleartane som er utdøydde etter år 1500. Andre og eldre kjente utrydda artar er kjente frå fossil. Fuglar som døydde ut i sein holocen forhistorisk tid er vanlegvis kjente frå beinrestar som ikkje er heilt fossiliserte. mini|Gullkaka, Nestor productus, utrydda frå Norfolkøya og Phillip-øya ca. 1851 mini|Karolinaparakitt, Conuropsis carolinensis, utrydda frå ca. 1918 i austre USA,utstoppa eksemplar frå Wiesbaden museum i Tyskland mini|Latterugle, Ninox albifacies, utrydda frå ca. 1970, New Zealand mini|Laysanrikse, Zapornia palmeri, utrydda frå ca. 1944, utan flygeevne, endemisk for Laysan, Hawaii mini|Fyrstedue, Microgoura meeki, utrydda frå ca. 1904, øya Choiseul, Salomonøyane mini|Hawaiihonningetar, Moho nobilis, siste gongen observert i 1934 mini|Raudklatrefink, Paroreomyza flammea, utrydda 1963, øya Molokai, Hawaii mini|Kvittakahe, Porphyrio albus, utrydda av jakt innan 1834, endemisk for Lord Howe-øya mini|Seychellparakitt, Psittacula wardi, utrydda fra ca. 1900, Seychellene mini|Stephenklatresmett, Traversia lyalli, utrydda av forvilla kattar, ca. 1895, Stephensøya på New Zealand mini|Kamao, Myadestes myadestinus, utrydda ca. 1989, øya Kauai, Hawaii
159 fugleartar er klassifiserte som utdøydde etter år 1500, i tillegg er minst 22 med stort sannsyn utrydda og utryddingsgraden ser ut til å auke. Situasjonen er eksemplifisert av Hawaii, der 30 % av alle kjente nyleg utdøydde fugletakson opphavleg hadde leveområde. Andre område, til dømes Guam, har òg vorte hardt ramma; Guam har mista over 60 % av sine opphavlege fugletakson i løpet av dei siste 30 åra, mange av dei på grunn av den introduserte brune treslangen.
For tida er det i overkant av 11 000 nolevande fugleartar, der anslagsvis 1311 blir rekna som utryddingstruga; klassifiserte som sårbare (VU), sterkt truga (EN) eller kritisk truga (CR).
Øyartar generelt, og flygelause øyartar spesielt er mest utsette. Den uforholdsmessige mengda av rikser på lista gjenspeglar tendensen til denne familien til å miste evna til å flyge når fuglane blir geografisk isolerte på øyar. Endå fleire i riksefamilien vart utdøydde før dei kunne skildrast av forskarar.
Utryddingsdatoane gjeve nedanfor er vanlegvis tilnærmingar av faktiske datoar. Utryddingsdatoar i litteraturen er vanlegvis datoane for den siste stadfeste registreringa, ein truverdig observasjon eller eit eksemplar tatt. For mange stillehavsfuglar som døydde ut like etter europeisk kontakt, etterlèt dette likevel ein uvisseperiode på over eit hundreår, fordi øyane dei levde på berre sjeldan vart vitja av forskarar.
Oversyn utdøydde fugleartar etter år 1500 e.Kr.