Darren Campbell () er ein britisk tidlegare friidrettsutøvar frå Manchester. Han vart europameister på 100 meter i 1998 og vann OL-sølv på 200 meter i 2000 og stafettgull med Storbritannia under Sommar-OL 2004 i Aten. Han sikra seg elles to EM-gull, 1998 og 2006, med Storbritannia i stafett, samt EM-sølv 2002 og VM-bronse 2003 på 100 m.

Aktiv Campbell sprang ein av etappane for det britiske laget som kneip bronsemedaljen på den korte stafetten då VM 1997 fann stad i Aten. Året etter presterte han sitt liv beste 100 meter i EM-finalen i Budapest, med tida 10,04 sekund slo han sølvvinnar Dwain Chambers med seks tidels sekund. Seinare i meisterskapen var dei same to karane med om å vinne den korte stafetten. I 1999 fekk Campbell sølv på 4 x 100 stafett ved VM i Sevilla. Under dei olympiske sommarleikane i Sydney sette han personbeste på 200 meter med 20,13 i kvartfinalane. I finalen han så i mål på 20,14 sekund og tok sølvmedaljen, vinnaren Konstantinos Kenteris brukte 20,09 sekund.

I 2002 vart Campbell andremann på 100 m ved EM i München, klart slått av nigeriansk-portugisiske Francis Obikwelu. Under Friidretts-VM 2003 i Paris enda Campbell opp med bronse på 100 meter, på same tid som sølvmedaljøren og 0,01 sekund bakom gullvinnar Kim Collins. Dagar seinare vart Campbell nummer 4 på 200 m, 0,01 bakom bronsevinnaren.

Campbell vart olympisk meister 2004 og europameister 2006 i 4 x 100 meter stafett. I begge tilfella var han på lag med Marlon Devonish og Mark Lewis-Francis.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1996 i Atlanta: Braut 4 x 100 m stafett VM 1997 i Aten: Bronse i 4 x 100 m stafett (38,14). Utslått i semifinalane på 100 m (10,37=nr 16) EM 1998 i Budapest: Gull på 100 m – 10,04, og i 4 x 100 m stafett (38,52) VM 1999 i Sevilla: Sølv i 4 x 100 m stafett (37,73). Utslått i semifinalane på 100 m (10,15=nr 10) OL 2000 i Sydney: Sølv på 200 m – 20,14. Nr 6 på 100 m – 10,13 EM 2002 i München: Sølv på 100 m – 10,15. Diskvalifisert i kvartfinalane på 200 m (=nr 23) og i 4 x 100 m stafett VM 2003 i Paris: Bronse på 100 m – 10,08 og nr 4 på 200 m – 20,39. Diskvalifisert i 4 x 100 m stafett OL 2004 i Aten: Gull i 4 x 100 m stafett (38,07). Utslått i semifinalane på 200 m (20,89=nr 15) og i forsøka på 100 m (10,35=nr 36) EM 2006 i Göteborg: Gullmedalje i 4 x 100 m stafett (38,91)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Darren Campbell» frå , den 6. mai 2020.

World Athletics

Kategori:Britiske sprintarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Storbritannia Kategori:Olympiske meistrar for Storbritannia Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Storbritannia Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Folk frå Manchester