Anders Arnt Wilhelmsen () var ein norsk skipsreiar.
Wilhelmsen byrja yrkeskarrieren hos Wilh. Wilhelmsen, før han etter kort tid gjekk til over Ivarans Rederi. Han var hos Ivarans frå 1916 til like etter andre verdskrigen, dei siste åra som disponent og einebestyrar.«Skipsreder Anders Wilhelmsen er død». Aftenposten, 25. juli 1969. Ved sida av dette hadde han starta sitt eige reiarlag i 1939, Skips A/S Awilco. Det første skipet til dette reiarlaget, MS «Segundo», forliste under krigen, men Wilhelmsen klarte å byggja selskapet opp att som tankreiarlag etter krigen var over.«60 år: skipsreder Anders Wilhelmsen, Holmen, Smedstad». Morgenbladet, 8. april 1959. Sønene Gjert og Arne Wilhelmsen vart tidleg tekne inn som medeigarar i konsernet til faren, som seinare vart drive under Awilhelmsen-namnet.Nekrolog av Trygve Hirsch i Aftenposten, 29. juli 1969.
Han var styremedlem i Norges Rederforbund og i Skipsfartens Arbeidsgiverforenings råd. Han sat òg i styret i Norsk Sjøfartsmuseum.«Skipsreder Anders Wilhelmsen er død». Aftenposten, 25. juli 1969.
I sine yngre dagar var Wilhelmsen aktiv som konkurranseroar, skiløpar og pistolskyttar.«Skipsreder Anders Wilhelmsen er død». Aftenposten, 25. juli 1969.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Anders Wilhelmsen» frå , den 8. mai 2020. «Skipsreder Anders Wilhelmsen er død». Aftenposten, 25. juli 1969. «60 år: skipsreder Anders Wilhelmsen, Holmen, Smedstad». Morgenbladet, 8. april 1959. Nekrolog av Trygve Hirsch i Aftenposten, 29. juli 1969.
Kategori:Norske skipsreiarar Kategori:Folk frå Tjøme