«Foreplay/Long Time» er ein song skriven av Tom Scholz og framført av det amerikanske rockebandet Boston på det sjølvoppkalla debutalbumet. Songen var òg gjeven ut som den andre singelen frå albumet, på Epic Records i 1976. Han kombinerer ein instrumental introduksjon kalla «Foreplay» med hovudsongen «Long Time». «Long Time» nådde 22. plassen på Billboard Hot 100 i veka som enda 5. mars 1977.Rock Movers & Shakers by Dafydd Rees & Luke Crampton, 1991 Billboard Books. I Canada nådde songen niandeplassen på singellista. Instrumentalen «Foreplay» vart gjeven ut som B-side til den neste singelen deira, «Peace of Mind», som kom ut i april.

I eit intervju for Best of Boston sa Scholz at «Foreplay» var den første songen han spelte inn, og han gjorde dette på ein tosporsopptakar i kjellaren sin. Scholz sa òg at det var det første musikkstykket han skreiv, og at han skreiv det heilt attende i 1969.

Ein alternativ miks av songen finst på Epic Records-promoplata It's a Knockout.

Salslister

Vekeslister Liste (1977)PlasseringCanada RPM9Tyskland39U.S. Billboard Hot 10022U.S. Cashbox Top 10012

Årslister Liste (1977)PlasseringCanada95U.S. Cash Box Top 10099

Medverkande Foreplay Tom Scholz – Hammondorgel, clavinet, sologitar Sib Hashian – trommer Barry Goudreau – rytmegitar Fran Sheehan – bass

Long Time Tom Scholz – akustisk rytmegitar, orgel, clavinet, bass Brad Delp – vokal Sib Hashian – trommer Barry Goudreau – sologitar og elektrisk rytmegitar

Andre versjonar Rascal Flatts spelte inn ein versjon av «Foreplay/Long Time» på konsertane sine og gav han ut på albumet Rascal Flatts LIVE. Phish heldt ein konsert i Great Woods i Mansfield i Massachusetts der dei opna med «Foreplay/Long Time». Jay Sekulow Band spelte inn ein versjon av «Foreplay/Long Time» og posta songen på Facebook-sida til bandet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Foreplay/Long Time» frå , den 15. mai 2020. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1975 Kategori:Singlar frå 1977 Kategori:Boston-songar Kategori:Epic Records-singlar Kategori:Songar produserte av John Boylan Kategori:Songar produserte av Tom Scholz Kategori:Songar skrivne av Tom Scholz