Larsnes er ein tettstad med på Gurskøy i Sande i Møre og Romsdal fylke. Larsnes er kommunesenter i Sande, og rådhuset, biblioteket, lækjar-og tannlækjekontoret ligg her. I sentrum finn ein daglegvareforretningar, frisør, bank, bensinstasjon og fargehandel. Den viktigaste private arbeidsplassen på Larsnes er den mekaniske verkstaden. Larsnes har ferjesamband med Åram (på fastlandet), Voksa (som er vegfast med Sandsøya) og Kvamsøya. Per 01.01.2006 budde 489 personar på Larsnes.

Like ved rådhuset ligg det populære ungdomshuset Gamlebanken.

Statsråd og kringkastingssjef Bjartmar Gjerde var frå Larsnes.

Sjå òg Tettstader i Møre og Romsdal

Kjelder

SSB: «Tettsteder og sentrumssoner. 1. januar 2005. Møre og Romsdal»

Kategori:Geografi i Sande i Møre og Romsdal Kategori:Tettstader i Møre og Romsdal Kategori:Kommunesenter i Møre og Romsdal