Trosvik Verksted A/S var eit skipsverft i Brevik, skipa av Ola Jacobsen (fødd 1881 i Larvik).

Historie Trosvik Verksted vart skipa av Ola Jacobsen i 1916 under namnet Trosvik Slip & Verksted. I 1918 vart verkstaden selt til eit konsortium, og gjekk så over til eit å bli eit aksjeselskap kalla Trosvik mekaniske Verksted A/S. I 1925 vart det overteke av eit familieselskap og kalla Trosvik Verksted A/S, der familien Jacobsen eigde alle aksjane og Ola Jacobsen var direktør.

Kring 1950 hadde føretaket vokse til å bli ein moderne verkstad og dekka eit område på 16 mål. Etter andre verdskrigen fekk verftet moderne utstyr og ein verkstadhall på kring 1 000 kvadratmeter. Verkstaden hadde ein bedding for bygging av skip på 2 000 daudvekttonn og ein opphalingsslipp for båtar på opp til 250 daudvekttonn.

Trosvik Verksted var det første verftet i landet som hadde elektrisk sveising i 1921. I 1941 kjøpte verkstaden eit røntgenapparat for å undersøke sveisa stålkonstruksjonar.

Kring 1950 var det kring 250 mann tilsette i bedrifta.

Etter 1983 hadde verkstaden store tap og våren 1986 gjekk det konkurs. Seinare etablerte Aker Brevik seg på det gamle verftsområdet.

Skip bygde ved Trosvik Verksted A/S

, 1 250 tdw. overteke av Det Bergenske Dampskipsselskap under namnet . , 830 tdw, overteke av Det Bergenske Dampskipsselskap under namnet «Columbia». , 2 050 tdw, for Stavanger Støperi og Dok, seinare hos Fred Olsen & Co. , tankbåt kjøpt av Norsk Brændselolje A/S. , 490 brt. passasjerbåt for Det Vesterålske Dampskibsselskab. , 1 100 dwt , for Det Bergenske Dampskibsselskab. , muldringsfartøy for A.S Høyer-Ellefsen. kombinert slepebåt og isbrytar for Tinfos Papirfabrik. for Tinfos Papirfabrik. , passasjerbåt for Finnmark Fylkesrederi. MS «Jan Heweliusz», passasjerbåt for Euroafrica. MF «Mikołaj Kopernik», ro-ro, 2350 dwt I tillegg til disse skipa bygde verkstaden lekterar og spesialfartøy, som kranfartøy, oljeriggar og ferjene i ruta Brevik-Stathelle. I tillegg dreiv verkstaden reparasjonar av skip.

Annan produksjon Verftet leverte etter kvart olje- og bensintankar frå 500 liter til 10 millionar liter, gruvevogner og kjemisk apparatur i både syrefast stål, kopar og vanleg stål.

Arkiv Arkivet etter Trosvik Verksted er ordna ved Telemark Museum.

Kjelder Lokalhistoriewiki om Trosvik Verksted Oppføring på arkivportalen. Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4: Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Kategori:Skipsverft i Telemark Kategori:Næringsliv i Porsgrunn kommune Kategori:Føretak skipa i 1916 Kategori:Nedleggingar i 1986 Kategori:Brevik