Aleksandr Georgijevitsj Barysjnikov () var ein sovjet-russisk kulestøytar frå Khabarovsk kraj som representerte Sovjetunionen. Han vann bronsemedaljen i øvinga både under OL 1976 i Montreal og EM 1978 i Praha, pluss sølvmedaljen i OL 1980 i Moskva.

Aktiv Barysjnikov melde seg på i verdstoppen i 1972-sesongen med eit bestestøyt på 20,54 meter, men mislukkast heilt ved Sommar-OL i München. Den 25. august 1974 i Moskva overraska han stort då han forbetra seg med over ein meter og sette europarekord med eit støyt på 21,70 meter, også årsbeste i verda. Prestasjonen vart ein framskuv for rotasjonsteknikken, ein teknikk nokre få kulestøytarar hadde byrja utprøve i dei fyrste 1970-åra. Under europameisterskapen i Roma like etter måtte han nøye seg med 20,13 m og fjerdeplass.

10. juli 1976 støytte han livsbeste 22,00 meter ved eit stemne i Paris, ny verdsrekord med 15 centimeter.Arbeiderbladet 12. juli 1976 I dei olympiske sommarleikane 1976 vart Barysjnikov tredjemann med 21,05 m som best, 2 cm bak sølvmedaljøren Jevgenij Mironov og 5 cm kortare enn gullvinnar Udo Beyer frå Aust-Tyskland. To år seinare fekk Barysjnikov ein ny bronse ved EM i Praha, også då med Beyer og Mironov som sine overmenn. Under Sommar-OL 1980 i Moskva støytte Barysnjnikov 21,08 meter og kneip sølvmedaljen framom Beyer, dei begge kunne lite gjere med Vladimir Kiseljov som støytte kula 21,35 m.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1972 i München: Utslått i kvalifiseringa (18,65 m =nr 22) EM 1974 i Roma: Nr 4 – 20,13 m OL 1976 i Montreal: Bronsemedalje – 21,05 m EM 1978 i Praha: Bronsemedalje – 20,68 m OL 1980 i Moskva: Sølvmedalje – 21,08 m, framom Udo Beyer (21,06 m)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Alexander Georgijewitsch Baryschnikow» frå , den 21. mai 2020.

World Athletics

Kategori:Sovjetiske kulestøytarar Kategori:Russiske kulestøytarar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1976 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1980 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1980 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1980