MS «Alert» var ein taubåt bygt i 1919 for ein privateigar i Stavern.
I 1924 vart båten kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) som hadde det fram til 1957. Den vidare lagnaden er ukjend.
Historie Skipet vart bygt i tre i Kragerø i 1919 for ein ukjend eigar.
I november 1923 vart båten lagt ut for sal i eit dødsbo.
I 1924 vart slepebåten kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab for 20 000 kroner, i tillegg til ein reparasjon på 14 545 kroner.
20. april 1944 under eksplosjonen på Vågen låg «Alert» ved Søndre Tolbodkai. Kapteinen og maskinisten stod i døra då dei såg at det kom flammar opp frå Festningskaien. Maskinisten meinte det såg alvorleg ut og at dei burde kom seg i dekning. Dei var ikkje kome meir enn ti meter då eksplosjonen oppstod. Det vart heilt mørkt og det hagla med gjenstandar gjennom lufta. Dei høyrde så rop frå sjøen og fann dekksmannen som låg i sjøen og heldt seg til ein båt medan han blødde sterkt frå hovudet. Kapteinen fekk han seinare opp i ein motorbåt. Familien til kapteinen budde i nærleiken, så han ville gå og sjå etter dei. Då han seinare kom attende for å sjå etter «Alert», kom han ikkje fram på grunn av sperringane. Då han endeleg kom fram var «Alert» søkkt.
Båten vart selt i 1957, men den vidare lagnaden er ukjend.
Sjå òg Flåten til Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjelder
Kategori:Norske taubåtar Kategori:BDS-eigde fartøy Kategori:Skip bygde i Telemark Kategori:Skip frå 1919