Leftoverture er det fjerde studioalbumet til det amerikanske rockebandet Kansas, gjeve ut i 1976. Det var det første albumet til bandet som selte til gullplate og er til no det bestseljande albumet deira med over 5 millionar selte eksemplar i USA.
Albumet kom ut med ommastra lyd i 2001.
Bakgrunn Steve Walsh fekk skrivesperre før innspelinga av albumet, så bidraga hans er avgrensa til medlåtskrivar på tre songar. Kerry Livgren måtte derfor fylle resten av albumet. Dei nye komposisjonane hadde mykje av den same kompleksiteten inspirert av klassisk musikk, som tidlegare songar av Livgren. Kansas spelte inn albumet i Studio in the Country i Bogalusa i Louisiana. Studio in the Country fekk dette namnet fordi, som Livgren skildra i eit radioprogram, «det låg midt ein sump. Når me gjekk ut døra i studio låg det alligatorar der, med mygg på storleik av B-52-fly og stundom beltedyr som sprang inn i kontrollrommet.»
Leftoverture opnar med songen «Carry On Wayward Son», som Livgren skreiv som ein oppfølgjar til «The Pinnacle», den siste songen på det førre albumet, Masque (1975).
Mottaking
Albumet fekk middels kritikk. Rolling Stone kalla Leftoverture det beste Kansas-albumet til då og sa at det «garanterer Kansas ein stad rett ved siden av Boston og Styx som ei av dei ferske, nye amerikanske banda som kombinerer hardtkøyrande instrumentering (utan prangande soloar) med korte, stramme melodilinjer og hyggeleg song.» Magasinet Playboy kalla albumet «særs sterkt» og rosa Kansas for å representere «dei solide verdiane frå Midtvesten i vår enorme musikalske kjerne.» Robert Christgau sa at albumet mangla intelligensen og overtydinga til europeisk progressiv rock, og at den sjølvutslettande humoren som var implisert i titlane på songane og albumet ikkje var å sjå i sjølve songane.
Stephen Thomas Erlewine i AllMusic skreiv at albumet inneheld «verken knaggar eller nok stordom til å vere interessant» og trass i den flotte singelen «Carry On Wayward Son», er det faktum at Kansas «aldri klarer å konkurrere med denne andre stader på denne plata, like mykje eit vitnesbyrd om den lammande ambisjonen deira som den manglande dugleiken.» Ultimate Classic Rock reknar «Carry On Wayward Son», «Magnum Opus», «The Wall», «What's on My Mind» og «Opus Insert» som klassikarar.https://ultimateclassicrock.com/kansas-leftoverture/
Innhald
Medverkande Kansas Steve Walsh - orgel, piano, ekstra synthesizer, vibrafon, solo- og korvokal (alle spor) Kerry Livgren - elektrisk gitar, piano, clavinet, Moog, Oberheim og ARP synthesizer Robby Steinhardt - fiolin, bratsj, solovokal på «Miracles Out of Nowhere» og «Cheyenne Anthem», korvokal Rich Williams - elektrisk og akustisk gitar Dave Hope - bassgitar Phil Ehart - trommer, perkusjon
Andre medverkande Toye LaRocca, Cheryl Norman - barnestemmer på «Cheyenne Anthem»
Produksjon Jeff Glixman - plateprodusent, assisterande lydteknikar Bill Evans - lydteknikar Edwin Hobgood, Ray Black - ekstra studiostøtte George Marino - mastering i Sterling Sound i New York City
Salslister
Album ÅrListePlassering1977RPM100 Albums (Canada)2Billboard 200 (USA)5
Singlar ÅrTitleListePlassering1977«Carry On Wayward Son»RPM100 Singles (Canada)5Billboard Hot 100 (USA)111978UK Singles Chart511977«What's on My Mind»RPM100 Singles (Canada)89
Salstrofé LandOrganisasjonÅrSalUSARIAA19954x Platina (+ 4 000 000)CanadaCRIA1978Platina (+ 100 000)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Leftoverture» frå , den 23. mai 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Kansas-album Kategori:Musikkalbum frå 1976 Kategori:Album produserte av Jeff Glixman Kategori:Legacy Recordings-album Kategori:Epic Records-album Kategori:Album spelte inn i Studio in the Country