Anne Elisabeth Holtsmark () var ein norsk professor i filologi.

Ho var den første kvinnelege filologen med stilling på Det historisk-filosofiske fakultetet ved Universitetet i Oslo. Ho var professor i norrøn filologi ved universitet frå 1949 til ho gjekk av i 1961. I 1936 vart ho dr.philos med avhandlinga En islandsk scholasticus fra det 12. århundre.

Holtsmark skreiv talrike avhandlingar og artiklar, først og fremst innanfor norrøn filologi. Utgjevinga hennar Norrøn mytologi. Tru og mytar i vikingtida, Oslo 1970, har kome i stadig nye opplag, òg i omsetjing til andre språk. Framstillinga byggjer på ei kritisk gransking av edda- og skaldediktinga, studiar av samtidas biletkunst og handverk, arkeologiske funn, runeinnskrifter og stadnamn.

I 1961 vart ho utnemnd til æresdoktor ved Islands universitet.Aftenposten -Æresdoktor ved Islands universitet (13.10.1961, s.2)

Utgjevingar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Anne Holtsmark» frå , den 24. mai 2020.

Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Norske språkforskarar