In the Spirit of Things er 11. studioalbumet til det amerikanske rockeband Kansas, gjeve ut i 1988. Det er eit laust samansett konseptalbum, som fortel soga om ein stor flaum som råka byen Neosho Falls i Kansas i 1951. Det var det første Kansas-albumet sidan Masque i 1975 utan ein hitsingel.
Historie I følgje forfattaren Dan Fitzgerald, var Rich Williams inspirert til å skape dette albumet etter å ha lese boka Ghost Towns of Kansas, Volume II (1979), og særskild kapittelet om Neosho Falls.
Albumet var det siste studioalbumet til Kansas for eit stort selskap. Det fekk lite marknadsføring, sidan MCA Records droppa ei rekkje «eldre» artistar i stallen sin etter albumet kom ut og byta fokus mot yngre artistar som Tiffany. Albumet selde dårleg. Likevel laga selskapet ein video for «Stand Beside Me». Songen vart spelt ein del på MTV og singelen klatra på rockelista i USA, og vart den siste singelen til Kansas som gjekk inn på ei singellista i USA. Andre songar vart gjevne ut på forskjellige format, som 12"-versjonen av «I Counted on Love», ein CD-singel med «House on Fire» og ein mini-CD-singel med «Stand Beside Me».
Det vart turnert for å marknadsføre albumet, inkludert ein konsert sendt på radioprogrammet King Biscuit Flower Hour, som mange år seinare vart gjeven ut på ein CD.
Mottaking
AllMusic rekna albumet som «eit av dei meir konsistente albuma til gruppa, og lett eit høgdepunkt i den seinare delen av karrieren deira.» Dei kritiserte albumet for ein utdatert produksjon og mangelen på ein singel som kunne måle seg mot tidlegare hittar.
Innhald
Credits Kansas Steve Walsh - klaverinstrument, solovokal Steve Morse - gitar, vokal Rich Williams - gitar Billy Greer - bass, vokal Phil Ehart - trommer, med-produsent på spor 4, 6 og 7
Andre medverkande Greg Robert - keyboard programmering, korvokal Christopher Yavelow - Kurzweil synthesizer-lyddesign Ricky Keller - perkusjonsprogrammering på spor 2, klaverinstrumentprogrammering på spor 4 Steve Croes - Synclavier Terry Brock - korvokal på spor 4 John Pierce - bandlaus bass på spor 7 Bob Ezrin - perkusjon, vokal, korvokal Rev. James Cleveland og Southern California Community Choir - korvokal på spor 2, 9 og 10
Produksjon Bob Ezrin - plateprodusent, lydteknikar, miksing, arrangement med Kansas Greg Ladanyi - medprodusent på spor 4, 6 og 7, lydteknikar, miksing Garth Richardson - lydteknikar, miksing Stan Katayama, Bob Loftus, Brendan O'Brien - lydteknikarar Lawrence Fried, Edd Miller - assisterande lydteknikarar Stephen Marcussen, Doug Sax, Mike Rees - mastering Robert Hrycyna - produksjon og teknisk oversyn Jack Adams - utstyrsassistent Storm Thorgerson - kunstnarisk leiar Paul Maxon - fotografi Tony May, Glenn Wexler, Derek Burnett - fotografi Jon Crossland - stylist
Salslister Album ÅrListePlassering1988Billboard 200 (USA)114
Singlar ÅrSingelListePlassering1988«Stand Beside Me»Mainstream Rock Tracks (USA)13
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «In the Spirit of Things» frå , den 25. mai 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Kansas-album Kategori:Musikkalbum frå 1988 Kategori:Album produserte av Bob Ezrin Kategori:Album produserte av Greg Ladanyi Kategori:Plateomslag av Storm Thorgerson Kategori:Konseptalbum Kategori:MCA Records-album