Charles Salvatore «Chuck» Panozzo () er ein USA-amerikansk musikar, mest kjend som bassist i rockebandet Styx. Han har vore langvarig medlem av Styx og var med å skipe gruppa i lag med tvillingbroren, trommeslagaren John Panozzo, som døydde i juli 1996, og songaren og klaverspelaren Dennis DeYoung. Han turnerte berre med gruppa på deltid frå 1999 til 2003, men er i dag fast medlem av Styx.

Chuck Panozzo har vore opent homofil sidan 2001, same året han annonserte at han levde med HIV, og han har vore involvert i kampanjar for å rette merksemd mot AIDS og homofile rettar. I 2006 gav han ut sjølvbiografien The Grand Illusion: Love, Lies, and My Life With Styx.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Chuck Panozzo» frå , den 3. juni 2020. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:USA-amerikanske rockebassistar Kategori:USA-amerikanske bassistar Kategori:Folk med HIV/AIDS Kategori:Folk frå Illinois Kategori:Styx-medlemmar Kategori:USA-amerikanske tvillingar Kategori:Homofile musikarar Kategori:Musikarar frå Chicago Kategori:USA-amerikanske gitaristar