«Why Me» er ein song av Styx frå 1979, gjeven ut på albumet Cornerstone. Han vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet og nådde 26. plassen på Billboard Hot 100-lista i februar 1980. Songen nådde òg tiandeplassen på den kanadiske RPM Top 100 Singles-lista i februar 1980.
Songen var ein uventa singel. Den opphavlege planen var å gje ut balladen «First Time» som den andre singelen, etter den store hitten «Babe». Faktisk var nokre radiostasjonar i USA byrja å spele «First Time». Men gitaristen Tommy Shaw meinte det ikkje ville passa seg å gje ut enno ein ballade, like etter «Babe». Denne usemja førte til at DeYoung ei kort stund fekk sparken frå bandet tidleg i 1980. DeYoung gjekk motvillig med på å gje ut «Why Me» som den andre singelen.
Medverkande Dennis DeYoung - solovokal, klaverinstrument James Young - sologitar, korvokal Tommy Shaw - rytmegitar, korvokal Chuck Panozzo - bassgitar John Panozzo - trommer
Andre medverkande Steve Eisen - saksofon
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Why Me (Styx song)» frå , den 5. juni 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1979 Kategori:Styx-songar Kategori:Songar skrivne av Dennis DeYoung Kategori:Singlar frå 1980 Kategori:A&M Records-singlar