«The Best of Times» er ein song av Styx og den første singelen frå albumet deira Paradise Theatre i 1981. Songen gjekk til topps i på den nasjonale RPM-lista i Canada, og vart den andre førsteplassen deira der.List of RPM number-one singles of 1981 I USA nådde songen tredjeplassen på Billboard Hot 100, der han låg i fire veker i mars og april 1981. I Storbritannia missa songen så vidt topp 40 og nådde 42. plassen på UK Singles Chart.
Den grunnleggjande melodien for «The Best of Times» er nytta to andre stader på albumet, først i det første sporet på albumet, «A.D. 1928», og så i ein rolegare versjon på avslutningssporet, «A.D. 1958».
Songen vart nytta i filmen Big Daddy, der Adam Sandler spelar ein stor Styx-fan.
Medverkande Dennis DeYoung - solovokal, klaverinstrument Tommy Shaw - sologitar, klaverinstrument, korvokal James Young - rytmegitar, korvokal Chuck Panozzo - bass John Panozzo - trommer
Salslister Årsliste (1981) PlasseringUS Top Pop Singles (Billboard)30
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Best of Times (song)» frå , den 7. juni 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Styx-songar Kategori:Singlar frå 1981 Kategori:Songar skrivne av Dennis DeYoung Kategori:A&M Records-singlar Kategori:Songar frå 1980 Kategori:Nummer-ein-singlar i Canada