«Love at First Sight» er ein song frå albumet Edge of the Century av Styx i 1990. Det var den tredje singelen frå albumet og så langt den siste Styx-singelen som gjekk inn på Billboard Hot 100-lista i USA. Han nådde 25. plassen i juni 1991. Songen gjorde det òg moderat bra på [Adult Contemporary-lista|Adult Contemporary]]-lista og nådde 13. plassen der. Han nådde òg 20. plassen på den kanadiske RPM Top Singles-lista i juni 1991.

«Love at First Sight» var den einaste av dei tre singlane frå albumet som var skriven i lag av Dennis DeYoung og Glen Burtnik, i tillegg til James «J.Y.» Young. Som den førre singelen deira, «Show Me the Way», var det ein ballade med DeYoung på solovokal.

Medverkande Dennis DeYoung - solovokal, klaverinstrument James Young - sologitar, korvokal Glen Burtnik - rytmegitar, korvokal Chuck Panozzo - bass John Panozzo - trommer

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Love at First Sight (Styx song)» frå , den 7. juni 2020. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1989 Kategori:Singlar frå 1991 Kategori:Styx-songar Kategori:Songar skrivne av Glen Burtnik Kategori:Songar skrivne av Dennis DeYoung Kategori:Songar skrivne av James «J.Y.» Young Kategori:A&M Records-singlar