Ox-fjella (Ox Mountains eller Slieve Gamph (irsk Sliabh Gamh)Slieve Gamph or the Ox Mountains. Placenames Database of Ireland. er ei fjellkjede i County Sligo på vestkysten av Irland. Dei er også kjende som Saint Patrick's Mountains etter heilage Patrick, som bygde kyrkjer i fjellsidene og fekk vasskjelder her kalla opp etter seg.The History of Sligo: Town and County Terence O'Rorke, s. 3, 1890.
Geografi Den høgaste toppen i Ox-fjella er Knockalongy, som er høg.
mini|portrett|venstre|Utsyn frå Culleenamore strand mot Knockalongy. Fjellkjeda tek til like sørvest for Ballysadare, og går vest-sørvest i rundt 65 km til grensa til County Mayo. Der fortset ho i sørvest som Slieve Gamph-fjella, som først går langs grensa mellom dei to grevskapa og deretter inn i Mayo. Fjella har fleire toppar på mellom 360 og 550 meter. Slieve Gamph er 415 meter høgt.
Geologi Gneis, glimmerskifer og granitt er bergartane som dannar Ox-fjella. Opplandet er for det meste dekt av teppemyr. Nokre delar er skogdekte, medan andre har bar stein. I nord og sør er grunnen av kalkstein og sandstein, og blir brukt til jordbruk. Tidlegare hadde ein bly- og kopargruver i Ox-fjella, men desse var blitt nedlagde i 1900.
Toppar Namn Høgd Knockalongy 544 m Annatoran 512 m Cloonacool 440 m Sruffaungarve Top 400 m Meenamaddo 330 m Knocknashee 276 m
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ox Mountains» frå , den 9. juni 2020.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Sligo Kategori:Fjell på Irland