Kent Music Report var ei vekentleg hitliste over musikksingel og musikkalbum i Australia. Lista vart sett saman av musikkentusiasten David Kent frå mai 1974 til 1988. I 1983 lisensierte musikksamskipnaden Australian Recording Industry Association Kent Music Report, og i juni 1988 etablerte samskipnaden si eiga hitliste, kalla ARIA Charts. Kent Report heldt likevel fram, og frå 1987 vart lista omdøypt til Australian Music Report (AMR). AMR heldt fram å publisera vekentlege hitlister, men i april 1998 opphøyrde lista, og ARIA Charts vart dermed den einaste nasjonale hitlista i Australia.
Før Kent Report oppstod i 1974, hadde magasinet Go-Set utgjeve ei topp 40-singelliste frå 1966 og ei albumliste frå 1970. Begge listene opphøyrde likevel då Go-Set gjekk inn i august 1974.
David Kent produserte seinare hitlister for Australia for åra 1940–1973. Dette gjorde han ved å henta inn spelelister, mindre hitlister og informasjon frå radiokanalar over heile landet. Desse sette han så saman til ei nasjonal hitliste.
Sjå òg
Billboard Hot 100 ARIA Charts VG-lista
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kent Music Report» frå , den 14. juni 2020.
Bakgrunnsstoff
Nettstad for David Kents Australian Chart Book
Kategori:Australske hitlister