Nancy Lamoureaux Wilson () er ein USA-amerikansk musikar, songar, låtskrivar, produsent og filmkomponist. Ho vart kjend i lag med den eldre systera si, songaren Ann Wilson, som gitarist og korvokalist i rockebandet Heart, der ho vart medlem i 1974.

Ho voks opp nær Seattle i forstaden Bellevue, og byrja å spele musikk som tenåring. Medan ho gjekk på college, vart ho i lag med systera Ann medlem av Heart. Dette var det første hardrockbandet fronta av kvinner, og Heart gav ut fleire album seint i 1970- og i 1980-åra, frå og med Dreamboat Annie (1975) og Little Queen (1977), som begge inneheldt hitsinglar som «Magic Man», «Crazy on You» og «Barracuda».

Wilson har blitt hylla som gitarist og i 2016 kåra Gibson ho til den åttande beste, kvinnelege gitaristen gjennom tidene.

Diskografi Live from McCabe's Guitar Shop (1999) Nancy Wilson – Instructional Acoustic Guitar (2007, DVD) Baby Guitars (2009)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nancy Wilson (guitarist)» frå , den 16. juni 2020. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Heart

Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:USA-amerikanske rockegitaristar Kategori:Kvinnelege rockesongarar Kategori:Heart-medlemmar Kategori:Resonator-gitaristar