Igor Leonidovitsj Trandenkov () er ein russisk tidlegare stavhoppar frå Leningrad som vann sølvmedaljen i øvinga ved Sommar-OL 1992, EM 1994 og OL 1996, samt bronse i VM 1993.
Aktiv Trandenkov fekk sølvmedaljen i stavtevlinga under Sommar-OL 1992 i Barcelona, der han og landsmannen Maksim Tarasov begge gjekk over 5,80 m, Tarasov i fyrste og Trandenkov i tredje forsøk. Året etter fekk dei same to kvar si bronsemedalje i Friidretts-VM i Stuttgart. Dei stoppa på ny på 5,80 m, deira to tidlegare landslagskameratar Serhij Bubka og Grigorij Jegorov vann gull og sølv.
Ved europameisterskapen 1994 tok Trandenkov seg over 5,90 m og vann sølv, landsmannen Rodion Gataullin vart europameister med 6,00 m. Under dei olympiske leikane 1996 i Atlanta var Trandenkov ein av tre utøvarar som tok seg over 5,92 m. Franske Jean Galfione og Trandenkov klarte høgda i fyrste forsøk, Galfione tok gullet gjennom eitt riv på tidlegare høgder, Trandenkov hadde to riv på 5,86 m og fekk sølv, medan Andrej Tivontsjik kom på bronseplassen.
Trandenkov hevda seg nasjonalt og internasjonalt frå 1987 til 1999. Han vart russisk meister i stavhopp 1994 og 1995. Den 3. juli 1996 sikra han seg sin tredje strake russiske meistertittel. I heimbyen St. Petersburg svinga han seg over 6,01 meter og vart den fjerde stavhopparen som hoppa 6 meter.
Trandenkov er gift med sprintaren Marina Trandenkova.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1992 i Barcelona: Sølvmedalje – 5,80 m, bakom Maksim Tarasov (5,80 m) VM 1993 i Stuttgart: Bronsemedalje – 5,80 m EM 1994 i Helsinki: Sølvmedalje – 5,90 m, bak Rodion Gataullin (6,00 m) VM 1995 i Göteborg: Nr 7 – 5,70 m OL 1996 i Atlanta: Sølvmedalje – 5,92 m
Kjelder World Athletics
Denne artikkelen bygger på «Igor Leonidowitsch Trandenkow» frå , den 25. juni 2020.
Kategori:Russiske stavhopparar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for SUS Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Russland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1992 Kategori:Deltakarar for SUS under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1996 Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1993 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 1994 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1995