The Killing Fields er det tiande studioalbumet til den engelske musikaren Mike Oldfield, gjeve ut i 1984 på Virgin Records. Det var eit filmmusikkalbum for den britiske dramafilmen med same namn basert på opplevingane til to journalistar i Raude Khmer-regimet i Kambodsja. Det er det einaste heile filmusikkalbumet til Oldfield.
Musikken vart orkestrert av David Bedford. The Killing Fields vart gjeve ut på ny med ommastra lyd i januar 2016.
Historie Sjølv om musikken til Oldfield var blitt nytta i filmar før, som Eksorsisten og The Space Movie, var dette første gongen han hadde skrive spesifikt for ein film, og så langt den einaste gongen. Oldfield komponerte albumet på ein Fairlight CMI.
Ein singel frå albumet, «Étude», er henta frå Francisco Tarrega-stykket «Recuerdos de la Alhambra».
Oldfield kom dels til å arbeide med denne musikken etter at sjefen i Virgin, Richard Branson tok Oldfield for å møte David Puttnam, ein filmprodusent, og sikra han rolla som komponist.
Oldfield brukte seks månader på The Killing Fields før han drog ut på turné. Då han kom attende frå turneen spurte produsentane etter meir musikk til filen og Oldfield spurte om å få bruke orkester og kor. Tre månader seinare var musikken ferdig. Albumet kom ut berre nokre få månader etter det førre albumet til Oldfield, Discovery.
Innhald Alle spor av Mike Oldfield, utanom der andre er nemnde.
Medverkande Mike Oldfield – gitar (Gibson Les Paul Junior og SG Junior), synthesizer (inkludert Sequential Circuits Prophet 5, Oberheim OB-Xa, DMX og Roland VP-330), Fairlight CMI, produsent, lydteknikar Preston Heyman – orientalsk perkusjon Morris Pert – perkusjon Eberhard Schoener – dirigent Det bayerske statsorkesteret Tölzer Boys Choir
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Killing Field (album)» frå , den 2. juli 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Filmmusikkalbum frå 1984 Kategori:Mike Oldfield-album Kategori:Virgin Records-album