Baul eller baūl er ein vandrande songar eller skald i Bengal. Baular framfører folkelege songar med religiøst innhald, og akkompagnerer seg sjølv med enkle instrument. Musikksjangeren baul har utikla seg etter påverknad frå både sufismen, tantrismen og vishnuismen; men er ikkje knytt til ein særskild ortodoks retning.

Baular har som regel ikkje interesse for den ytre forma av religionen. Ein dyrkar ikkje Gud i form av bilde eller skrift, men reknar med at Gud bur i hjarta til menneska. Ifølgje bodskapen til baulane når ein ikkje Gud gjennom å vitja tempel eller andre heilage stader, men kan i staden nå Gud gjennom personleg kjærleik og via hengjevnad i form av blant anna song, meditasjon og andingsøvingar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Baul» frå , den 4. juli 2020.

Kategori:Indisk musikk Kategori:Bangladeshisk musikk Kategori:Religion i India Kategori:Religion i Bangladesh