OGAE Second Chance Contest 2019 (OGAE SCC 2019) var den trettifjerde gongen OGAE Second Chance Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Udine i Italia, etter at Italia vann tevlinga i 2018, med songen «Il mondo prima di te» av Annalisa.
For å kunne deltake i OGAE Second Chance Contest 2019 måtte ein ha delteke i ein av dei nasjonale finalane i Eurovision Song Contest 2019; men om ein hadde vunne ein nasjonal finale kunne ein ikkje deltake i OGAE Second Chance Contest.
24 land deltok i tevlinga. Australia deltok for fyrste gong i OGAE Second Chance Contest, medan Kroatia og Moldova (for OGAE Rest of the World) returnerte til tevlinga. Kviterussland, Malta, Polen, San Marino og Sveits, som deltok i 2018, deltok ikkje i 2019-utgåva av OGAE Second Chance Contest. Sjølv om Ukraina trekte seg frå 2019-utgåva av Eurovision Song Contest, kunne dei deltake i denne tevlinga.
Frankrike vann OGAE Second Chance Contest for fyrste gong, med songen «Tous les deux» av Seemone. Bidraga Nr. Land Artist Song Språk Plass Poeng Nasjonal finale Plass 01 Lorena Bućan «Tower of Babylon» Engelsk 14 40 2 02 Barbora Mochowa «True Colours» Engelsk 8 108 3 03 The Middletonz «Roses» Engelsk 22 5 Uplassert 04 Edgars Kreilis «Cherry Absinthe» Engelsk 21 12 6 05 Julie og Nina «League of Light» Engelsk og grønlandsk 6 159 2 06 Mirud «Nënë» Albansk 15 36 Uplassert 07 Lumevärv med Inga «Milline päev» Estisk 20 14 5 08 Anna Bergendahl «Ashes to Ashes» Engelsk 3 272 10 09 Surma «Pugna» Portugisisk 24 0 5 10 (ROW) Maxim Zavidia «I Will Not Surrender» Engelsk 19 24 2 11 Darude med Sebastian Rejman «Superman» Engelsk 23 3 2 12 Mørland «En livredd mann» Norsk 7 128 Uplassert 13 Friðrik Ómar «Hvað ef ég get ekki elskað?» Islandsk 18 24 2 14 Bella Santiago «Army of Love» Engelsk 10 75 3 15 Kazka «Apart» Engelsk 12 65 3 16 Seemone «Tous les deux» Fransk 1 294 2 17 Ivana Vladović og Wonder Strings «Moja bol» Serbisk 17 28 5 18 Aly Ryan «Wear Your Love» Engelsk 5 185 4 19 Kerrie-Anne «Sweet Lies» Engelsk 13 62 Uplassert 20 Electric Fields «2000 and Whatever» Engelsk og pitjantjatjara 4 242 2 21 María Villar «Muérdeme» Spansk 11 71 2 22 Il Volo «Musica che resta» Italiensk 2 292 3 23 Ula Ložar «Fridays» Engelsk 16 35 Uplassert 24 Monika Marija «Light On» Engelsk 9 88 2
Sjå òg Eurovision Song Contest 2019 Junior Eurovision Song Contest 2019
Referansar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «OGAE Second Chance Contest 2019» frå , den 5. juli 2020.
Kategori:OGAE Second Chance Contest etter år Kategori:Musikk i 2019