Vasily Albertovitsj Arkhipenko () er ein ukrainsk tidlegare friidrettsutøvar som spesialister seg i 400 meter hekk og som representerte Sovjetunionen.
Arkhipenko tok bronsemedaljen i 400 meter hekk ved europameisterskapen 1978 i Praha, med tida 49,77 sekund kom han i mål fem hundre dels sekund bak lagkameraten Dmitrij Stukalov, begge to var over sekundet bak den suverene vinnaren, vesttyske Harald Schmid. Den 5. august 1979 sprang Arkhipenko sitt livs løp i Torino der han vart andremann på 48,34, vinnaren Schmid sette europarekord med 47,85 sekund.
Under dei olympiske sommarleikane 1980 i Moskva vann Arkhipenko sølv på langhekken, med tida 48,86 enda han 0,16 sekund bakom Volker Beck frå Aust-Tyskland. I sitt siste store meisterskap, EM i friidrett 1982, kom han med tida 48,68 på fjerdeplass, fattige 0,04 sekund etter bronsemedaljøren.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Wassyl Archypenko» frå , den 6. juli 2020.
World Athletics
Kategori:Ukrainske hekkeløparar Kategori:Sovjetiske hekkeløparar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1980 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1980 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1980