Abeba Aregawi Gebretsadik () er ein etiopisk tidlegare mellomdistanseløpar som åra 2013-16 tevla for Sverige. Ho vart verdsmeister på 1500 meter i 2013.
Aktiv Aregawi representerte heimlandet til og med OL 2012. Ein månad før leikane i London sette ho etiopisk rekord på 1500 meter med 3.56,5. I London-OL enda ho på femteplass etter eit lureløp.
Som svensk borgar vann Aregawi 1500 meter både ved hall-EM 2013 i Göteborg og det store friidretts-VM i Moskva i august same året. I tida mellom dei to meisterskapane forbetra ho den svenske rekorden på 1500 meter til 3.56,6 då ho vann DL-stemnet i Doha den 10. mai. Under europameisterskapen 2014 i Zürich sprang Aregawi inn til sølv på spesialdistansen, klart slått av Nederlands Sifan Hassan, også ho ein utvandrar frå Etiopia.
I 2016 var Aregawi mistenkt for doping. Ein månad føre OL i Rio de Janeiro vart mistanken avvist. Ho valde likevel å flytte til Etiopia og legge opp.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2012 i London: Nr 5 – 4.11,0 VM 2013 i Moskva: Gullmedalje – 4.02,6, framom Jennifer Simpson (4.02,9) EM 2014 i Zürich: Sølvmedalje – 4.05,0, bakom Sifan Hassan (4.04,1) VM 2015 i Beijing: Nr 6 – 4.12,1
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Abeba Aregawi» frå , den 9. juli 2020.
Bakgrunnsstoff World Athletics
Kategori:Etiopiske mellomdistanseløparar Kategori:Svenske mellomdistanseløparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Sverige Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Etiopia Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Etiopiske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012