Sir Stanley Matthews () var ein engelsk fotballspelar som spelte på høgrevingen. Han vert ofte rekna som ein av dei største britiske fotballspelarane gjennom tidene, og er den einaste som har vorte adla medan han enno var aktiv. Matthews hadde ein særs lang fotballkarriere, og spelte sin siste kamp på klubbnivå i ein alder av femti år. Han var kjend for sin makelause teknikk og presise høgrefot, og fekk tilnamnet «The Wizard of the Dribble».Solheim, Tor Håkon: «Stanley Matthews» i Store norske leksikon på snl.no. Henta 13. juli 2020.
Karriere Klubbspel Matthews spelte for Stoke City i til saman 19 år over to periodar (1932-1947 og 1961-1965), og for Blackpool FC i 14 år (1947-1961). Der vart han mellom anna kjend for ein framifrå prestasjon i FA-cupfinalen i 1953, som i ettertid har vore kjend som «Matthews-finalen». I 1956 vart han den fyrste mottakaren av Gullballen (Ballon d'Or).
Landslagsspel Matthews spelte 54 landskampar for England mellom 1934 og 1957, og deltok i VM i fotball 1950 og VM i fotball 1954.
Kjelder
eu-football Denne artikkelen bygger på «Stanley Matthews» frå , den 13. juli 2020.
Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:Blackpool-spelarar Kategori:Stoke-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1950 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1954 Kategori:Fødde i 1915 Kategori:Døde i 2000