Moskenes er ein kommune i øygruppa og landskapet Lofoten i Nordland fylke. Han omfattar fiskeværa Reine, Sørvågen, Hamnøy, Moskenes, Å og Tind i tillegg til fråflytte bygder som Refsvika og Hell, som saman med kvasse tindar langs Vestfjorden gjer kommunen til ein av dei meir biletvakre i landet.
Moskenesstraumen ligg mellom Lofotodden, heilt sør i øygruppa, og den isolerte øya Mosken. Sjømenn har frykta denne malstraumen i århundre, men Mosken er mindre skremmande. På øya finn ein holemåleri frå steinalderen.
Tettstader i kommunen Reine Sørvågen
Kjende folk frå Moskenes Birger Eriksen, soldaten som senka «Blücher» under den andre verdskrigen Hans-Erik Dyvik Husby, songar i Turboneger
Biletgalleri
Bakgrunnsstoff Moskenes kommune sine heimesider
Kategori:Kommunar i Nordland Kategori:Lofoten
Kategori:Stadnamn av samisk opphav