Zoning er det 53. albumet og det 21. filmmusikkalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve i 1996.
Bakgrunn Tangerine Dream hadde skrive musikk for den tyske thrilleren Zoning i 1986-1987, og han var berre blitt vist på TV nokre få gonger. Tidleg i 1996 kom filmen ut på video i lag med eit filmmusikkalbum på CD. Edgar Froese hadde spelt inn og miksa all musikken på nytt i 1994, åtte år etter Tangerine Dream hadde laga den originale musikken til filmen. Musikken på albumet er derfor ganske forskjellig frå den originale filmmusikken frå 1987.
Den musikalske stilen liknar på tidlegare ikkje-utgjeven musikk frå Froese-albumet Beyond the Storm, og sporet «Eyewitness News» på Zoning er henta frå Beyond the Storm, der han hadde tittelen «Descent Like a Hawk».
Innhald
Medverkande Edgar Froese - synthesizer, gitar
Kjelder
Kategori:Musikkalbum frå 1996 Kategori:Tangerine Dream-album