miniatyr|Rampinryttaren i Akropolismuseet Rampinryttaren er ein gresk ryttarstatue og eit av dei fremste døma på attisk kunst frå den arkaiske tida i Hellas. Han er datert til rundt 550 f.Kr. Statuen er utført i marmor og har spor av svart og raud måling.
mini|venstre|Rampinhovudet i Louvre.
Statuen har fått namn av at det kjende Rampinhovudet i Louvre i Paris viste seg å tilhøyra statuen. Hovudet blei funne ved Akropolis i Aten i 1877 og kjøpt av kunstsamlaren Georges Rampin. Han stilte det ut ved Verdsutstillinga i Paris i 1878Notice rédigée par Henri Lechat (1900) Persée.fr og skjenka hovudet til Louvre i 1896. Delar av kroppen til ryttaren og hesten blei funne ti år etter hovudet i ei grøft fylt med statuar som var blitt øydelagde under den persiske erobringa av Aten i 480 f.Kr. under Persarkrigane. Hovudet blei først samført med statuen i 1936 av arkeologen Humphry Payne.
Rampinryttaren er utstilt ved Akropolismuseet i Aten. Hovudet er ei gipsavstøyping. Det opphavlege hovudet er utstilt i Louvre saman med ei avstøyping av resten av statuen.
Ryttaren har mange eigenskapar knytte til den typiske arkaiske kouros-figuren, ein ung naken mann, men har fleire asymmetriske eigenskapar som bryt med desse konvensjonane.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Rampinryttaren» frå , og «Rampin Rider» frå den 19. juli 2020.
Bakgrunnsstoff Nettside om hovudet ved louvre.fr (engelsk)
Kategori:Antikke greske skulpturar Kategori:Ryttarstatuar Kategori:Marmorskulpturar Kategori:500-talet fvt. Kategori:Skulpturar i Hellas Kategori:Skulpturar i Louvre