Anders Nikolai Holte () var ein norsk los som gjorde pionerarbeid innan kystnavigasjon. I 1890-åra utvikla han ein navigasjonsmetode som gjorde det mogeleg å segle om natta langs norskekysten. Dette gjorde at det var mogeleg for Richard With å segle i kontinuerleg rutefart. Metoden hans bestod i å notere tid og stad for alle kursendringar. Då skipet seinare kom inn i ein tåkebanke kunne Holte følgje sine eigne observasjonar og føre skipet trygt fram.

Holte var i 1892 kaptein for Haalogalands Dampskibsselskab og vart disponent i same selskapet frå 1903 til 1911. Holte var kystlos for Vesteraalske Dampskibsselskab frå 1911 til 1932.

Holte fekk Kongens fortenstmedalje i 1930. En bauta til minne om den driftige losen vart reist i Harstad sentrum i 1980.

Kjelder

Kategori:Norske losar Kategori:Norske skipsførarar Kategori:Folk frå Harstad