Rocking Mars er det 93. albumet totalt og det 23. konsertalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeven i september 2005. Albumet er den femte og så langt siste utgjevinga i den såkalla Vault-serien deira.

12. juni 1999 heldt Tangerine Dream ein enkelt konsert under Klangart Festival i Osnabrück i Nord-Tyskland, der dei presenterte det då heilt nye albumet Mars Polaris. Heile albumet vart framført, men rekkjefølgja på songane er annleis enn på albumet. Musikken er i røynda identisk til studioutgåva, med noko ekstra gitar og perkusjon. Det vart òg inkludert nokre eldre komposisjonar i settet deira og i ekstranummera, men desse er ikkje med på dette albumet.

I mars 2009 kom albumet ut på ny med nytt plateomslag.

Innhald

Medverkande Edgar Froese – klaverinstrument Gerald Gradwohl - gitar Emil Hachfeld - elektronisk perkusjon

Kjelder

Kategori:Konsertalbum frå 2005 Kategori:Konsertalbum av Tangerine Dream