One Times One er det 102. albumet totalt og det 39. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve i desember 2007.
Dette var den første plata i ein serie omtalt som «cupdiscs», der lengda var kring 40 minutt, som var typisk for lengda på ei LP-plate. Platene kom i eit enkelt pappomslag i staden for det vanlege CD-omslaget i plast. Så langt består serien av 11 plater.
Dette albumet inneheld fire heilt nye komposisjonar av Edgar Froese, og ein instrumental versjon av eit vokalspor som opphavleg kom ut på Madcap's Flaming Duty (2007) og ein remiks av «Loved by the Sun». Denne er basert på ein versjon som kom ut på Tangerine Dream Plays Tangerine Dream (2006), men har ekstra gitar.
Innhald
Medverkande Edgar Froese - klaverinstrument, komponist
Kjelder
Kategori:Musikkalbum frå 2007 Kategori:Tangerine Dream-album