Birutė Kalėdienė, fødd Zalogaitytė, () er ein litauisk tidlegare spydkastar som tevla for Sovjetunionen. Ho vann sølvmedaljen i øvinga ved europameisterskapen 1958 og bronsemedaljen under Sommar-OL 1960.
Birutė Zalogaitytė kneip andreplassen ved EM 1958 der Dana Zátopková var i ei klasse for seg. Eit par månader seinare, 30. november 1958 i Tblisi, sette Zalogaitytė verdsrekord med eit kast på 57,49 meter. Under dei olympiske sommarleikane 1960 vann ho bronsen, medan ho fire år seinare måtte nøye seg med ein fjerdeplass i Sommar-OL i Tokyo.
Ho var sovjetmeister i spydkast 1958, 1959 og 1960.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1958 i Stockholm: Sølvmedalje - 51,30 m, bakom Dana Zátopková (56,02 m) OL 1960 i Roma: Bronsemedalje - 53,45 m OL 1964 i Tokyo: Nr 4 - 56,31 m
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Birutė Kalėdienė» frå , den 27. juli 2020.
World Athletics
Kategori:Sovjetiske spydkastarar Kategori:Litauiske friidrettsutøvarar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1960 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964