World Record er det sjuande studioalbumet til det sjuande studioalbumet til Van der Graaf Generator, opphavleg gjeve ut i 1976 på Charisma Records. I 2005 kom plate med ommastra lyd og bonusspor.
Det var det siste albumet spelt inn med den klassiske besetninga til bandet før dei kom saman att i 2005: Hugh Banton og David Jackson slutta i høvesvis desember 1976 og januar 1977. Banton slutta på grunn av økonomiske problem og det dåverande ekteskapet hans, men vart verande i bandet til turnéplanane deira var fullført. Jackson heldt fram å øve med Peter Hammill og Guy Evans til januar 1977, då den gamle bassisten Nic Potter og den nye fiolinisten Graham Smith (frå det skotske folkrockbandet String Driven Thing) kom inn i bandet, men slutta kort tid etter bandet byrja å øve, like før den neste turneen deira.
Innhald Alle songar skrivne av Peter Hammill, utanom der andre er nemnde.
Medverkande Van der Graaf Generator Peter Hammill – vokal, gitar, piano David Jackson – saksofon, fløyte Hugh Banton – Hammondorgel, basspedalar, Mellotron Guy Evans – trommer, perkusjon, cymbal
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «World Record (Van der Graaf Generator album)» frå , den 28. juli 2020. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Van der Graaf Generator - World Record (1976) - på Discogs.com Van der Graaf Generator - World Record (1976) - på ProgArchives.com
Kategori:Van der Graaf Generator-album Kategori:Musikkalbum frå 1976 Kategori:Charisma Records-album Kategori:Mercury Records-album Kategori:Album spelte inn i Rockfield Studios