Daniel «Dan» Broström (i riksdagen kalla Broström i Göteborg, ) var ein svensk skipsreiar og politikar for Liberale samlingspartiet. Han overtok leiinga av Broströmskoncernen frå faren sin og leia reiarlag- og industrikonsernet fram til han døydde i 1925.

Han var mellom anna med å skipe Svenska Amerika Linien og medverka mykje til at skipsbyggeria i Göteborg, som Götaverken og Eriksberg, fekk eit oppsving.

Frå 1914 til 1917 var han statsråd og sjef for marinedepartementet i regjeringa til Hjalmar Hammarskjöld.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dan Broström» frå , den 30. juli 2020.

Kategori:Svenske forretningsfolk Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Nordstjerneordenen Kategori:Vasaordenen Kategori:Svenske reiarar Kategori:Svenske sjøministrar