Maritza Martén García () er ein kubansk tidlegare diskoskastar som i 1992 vart olympisk meister i øvinga.

Aktiv Martén sette i mars 1985 personbeste med eit kast på 70,50 meter i heimbyen Habana. Nokså nøyaktig fire år seinare tangerte ho rekorden ved eit stemne i Santiago de Chile.

18. juli 1992 presterte Martén sitt livs beste diskoskast i spanske Sevilla der diskosen landa etter ei luftferd på 70,68 meter. To veker etter rekordkastet låg ho på andreplass då fire omgangar av OL-finalen i Barcelona var unnagjort. I den femte omgangen forbetra Martén seg med over 3 meter til 70,06 m og siger i tevlinga.

Både under verdsmeisterskapen 1993 og i VM 1995 enda Martén på fjerdeplass i diskoskasting, begge gongane eit drygt stykke unna bronseplass.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1987 i Roma: Nr 9 – 62,00 m VM 1991 i Tokyo: Nr 10 – 62,40 m OL 1992 i Barcelona: Gullmedalje – 70,06 m, framom Tsvetanka Khristova (67,78 m) VM 1993 i Stuttgart: Nr 4 – 64,62 m VM 1995 i Göteborg: Nr 4 – 64,36 m OL 1996 i Atlanta: Utslått i kvalifiseringa (60,08 m)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Maritza Martén» frå , den 12. august 2020.

World Athletics

Kategori:Cubanske diskoskastarar Kategori:Olympiske meistrar for Cuba Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1992 Kategori:Cubanske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Cubanske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996