The Creatures var eit engelsk band skipa i 1981 av vokalisten Siouxsie Sioux og trommeslagaren Budgie, begge frå gruppa Siouxsie and the Banshees. The Creatures gav ut den første EP-en sin, Wild Things, i 1981. Dei spelte inn fire studioalbum: Feast i 1983, Boomerang i 1989, Anima Animus i 1999 og Hái! i 2003.
Med Feast spelte bandet mellom anna exotica.Raggett, Ned. "Feast – review". Allmusic. Henta 17. august 2020 På Boomerang la dei til ein spanskklingande stil til musikken sin med element av flamenco, blues og jazz.. Seint i 1990-åra utvikla dei ein meir urban stil. The Times skildra då musikken deira som «eventyrleg kunstrock bygd rundt den uvanlege røysta til Siouxie og perkusjonsbatteriet til Budgie».Williamson, Nigel. "Siouxsie". The Times — Metro. 10. oktober 1998 På den siste plata si gjekk dei attende til røtene og gjekk austover, med ein ode til japansk minimalisme. Bandet vart oppløyst i 2005.
Musikken deira har blitt hylla av Jeff BuckleyUntiedundone.com archives Jeff Buckley covered "Killing Time" at the radio WFMU Studios, East Orange, NJ, 10.11.92. "Killing Time" is a Siouxsie's song from the Creatures' Boomerang album. Buckley also performed it for his first major gig in London at The Astoria in January 1995. og PJ Harvey."7th January 2000 PJ selects her Top 10 Albums of 1999" Pjharvey.net. 7. januar 2000. Featuring The Creatures aka Siouxsie and Budgie with the LP Anima Animus.
Diskografi
Studioalbum Feast (1983) Boomerang (1989) Anima Animus (1999) Hái! (2003)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Creatures» frå , den 17. august 2020. oppgav desse kjeldene: Budgie. The Creatures Biography. The Creatures.com April 2000 Paytress, Mark. Siouxsie & the Banshees: The Authorised Biography. Sanctuary, 2003.
Bakgrunnsstoff Offisiell nettside for The Creatures + Siouxsie
Kategori:Engelske rockegrupper Kategori:Musikkgrupper skipa i 1981 Kategori:Musikkgrupper oppløyste i 2005 Kategori:Engelske elektroniske musikkgrupper Kategori:Engelske new wave-grupper Kategori:Engelske post-punk-grupper Kategori:Engelske musikalske duoar Kategori:Siouxsie and the Banshees